Godt nytt år 2018!
Godt nytt år 2018!

Her kan du lese sokneprest Arne Berges preken fra nyttårsaften.

Hinna kirke, nyttårsaften 31.12.2017

Det står skrevet i evangeliet etter Johannes, kapittel 14:

Fred etterlater jeg dere. Min fred gir jeg dere, ikke den fred som verden gir. La ikke hjertet bli grepet av angst og motløshet.

Slik lyder det hellige evangeliet.

I dag er det nyttårsaften. Eit år har gått. 2017 er nå eit brukt år, eit år som ligg bak oss. For någen av oss har året vore godt, for andre har det vore vanskeleg. For dei fleste av oss, - kanskje begge delar: någe har vore godt, aent har vore vanskeleg.

Foran oss ligg 2018. Det er eit ubrukt år. For någen av oss er det eit år me har forventningar til. For andre er det nok eit år som me kjenner uro i forhold til. For dei fleste av oss er det kanskje ei blanding her òg? På den eine sida forventingar og håp til det nye året. På den andre sida uro og kanskje også frykt.

Jesus møter oss i dag på nyttårsaften med ord om fred. Bakgrunnen for Jesu ord om fred er heilt tydeleg den hebraiske helsinga Shalom. Det er ei helsing med innhald, eit ord som inneheld svært mye godt.

Då Jesus skulle forlata disiplane sine, var han nøye med å forbereda dei. Han ville ikkje etterlata dei som foreldre-lause barn, sa han. Han ville etterlata dei med fred.

La ikke hjertet bli grepet av angst og motløshet. Når Jesus seier dette, møter han oss der me er!

Uttrykket «det urolege hjartet» kjem frå Augustin som levde ca år 400 – ein av dei største teologane i oldkyrkja!

Augustin skreiv i sin sjølvbiografi Bekjennelser: Du har skapt oss til deg, Gud. Og vårt hjerte er urolig inntil det finner hvile i deg.

Idehistorikaren Trond Berg Eriksen skriv om Augustin:

Augustin er den første som beskriver uroen som menneskets lodd og grunnvilkår. Menneskene skal rette sine blikk oppover og løfte sine hjerter til Herren. Helt til vi ser Herren, ansikt til ansikt, vil våre hjerter være urolige. Uroen bekrefter at vi oppholder oss hjemmefra og er her nede på gjennomreise.

Dette tilsvarer vårt uttrykk «allmenmenneskeleg».

Det er mange som kjenner på uro for framtida. For någen vil dette dreia seg om private forhold; arbeid, økonomi, relasjonar i familien. Andre vil nok vera meir opptatt av verdenssituasjonen, og seia at det er all grunn til å kjenna på uro.

Jesu ord om at hjertet vårt ikkje skal bli «grepet av angst og motløshet» er ikkje bud, men tilbud!

Han vil at me skal møta framtida i tryggheit. Ikkje sånn at me skal fornekte det vanskelege ved livet og gå rundt å tru at alt blir godt bare me trur på Jesus. Nei, men han vil gje ein grunnleggande trygghet og tillit til Gud, som kan bera oss også når det er grunn til uro.

Ein ting til: Når Jesus seier: «La ikke hjertet bli grepet av angst og motløshet», så dreier dette seg om det vanlege livet med vanlege utfordringar. Me veit i vår tid mye om at mange menneske har sjukdomar som gjer at dei kjenner på angst og uro. Mange slit med den mentale helsa. Som prest vil eg seia: dette skal du snakka med legen om! Den kristne trua er ikkje ein snarveg til god helse. Men trua er viktig for oss, både når me har god helse og når me slik med helsa, på den eine eller andre måten.

Tilbake til dette at Jesus vil gje oss ein grunnleggande trygghet og tillit som kan bera oss alle dagar, uansett koss livet er akkurat nå.

Dette passar godt til heilheten i Bibelen. Det er mange flotte bibelske uttrykk som viser oss koss me kan stola på Gud uansett, f eks dette: Legg din vei i Herrens hånd! Stol på ham, så griper han inn (Sal 37,5). Og mye av dette er talt rett inn i ein situasjon der det var all grunn til å vera uroleg.

Alt dette vil gje deg konkret hjelp til å stola på Gud i kvardagen.

Någen har snakka om at det er mogleg å leva i ein «hellig bekymringsløshet». Ja, kanskje det kan vera ein tilstand me kan ønska oss og arbeida for å koma fram til?

Jesus taler her om «sin fred»: Min fred gir jeg dere, ikke den fred som verden gir.

Han seier: Shalom! Det dreier seg om helse, velferd og om velsignelse frå Gud. For det hebraiske ordet shalom kan også bety helse. Og då snakkar me om «eit utvida helsebegrep».

Dette seier oss at den kristne trua har gamle jødiske røter også i dette; at helse betyr «helhet og velvære, og at alle gode relasjoner er intakte».

Dette dreier seg ikkje om «verdens fred» som også kan vera god! Jesu fred og verdens fred er ikkje det same.

På Jesu tid hadde keisar Augustus etablert ein fred i det romerske riket. Det var riktig nok ein fred som var basert på okkupasjon og makt. Men den romerske fred – Pax Romanum – var eit begrep.

Verdens fred er ikkje å forakta, tvert imot. Me her i Norge nyter denne freden, me slepp å leva i ein krigssituasjon. Me har fredelege tider. Og det er godt!

Men Jesus går langt utover den forståinga at fred er det same som fråvær av krig. Han går sikkert og ut over den vanlege jødiske forståinga av begrepet Shalom. Han knyter freden til seg sjølv, til det han kan gje oss.

Guds fred som viktig kristent begrep, någe som Gud gir oss, någe me kan ta imot. Altså ikkje bud, men tilbud.

Da vi altså er blitt rettferdige ved tro, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. (Rom 5,1)

Freden med Gud kan me motta som gåve, i tru. Det dreier seg om å motta syndstilgivelse og dermed «bli rettferdige ved tru» for å bruka Paulus sine ord.

Men dette dreier seg også om fred med menneske:

Salige er de som skaper fred, for de skal kalles Guds barn. (Matt 5,9)

Jesu fred er også knytt til at han er den oppstandne. Etter oppstandelsen var helsinga hans: Fred vere med dokker!

Jesus lovte disiplane ein fred som skulle bygga på sigeren han vant som den korsfesta og oppstandne Herre.

På den måten reserverer han seg mot å redusera Gudsriket sine gåver til angstdempande terapi eller fråvær av krig. Den fred som Jesus gir er annerledes. Den kan stå midt i indre og ytre ufred. Den er någe møje meir enn våpenkvile eller ein god natts søvn.

Eg vil også gjerne peika på at gudstenesta vår er full av ord om Guds fred for deg!

Starten med inngangsorda: Nåde være med dere og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Avslutninga med velsigninga: Herren la sitt åsyn lyse over deg og gje deg fred.

Mellom her: Gloria/lovsangen frå juleevangeliet om fred på jorden: Ære være Gud i det høyeste og fred på jorden blant mennesker som Gud har glede i.

Og i nattverdliturgien: Ønsket om Guds fred i helsinga me gir kvarandre før me delar fellesskapet rundt Herrens bord i nattverdmåltidet. Presten seier til menigheten: La oss helse kvarandre med eit tegn på fred. Her blir det foreslått at me kan seia Guds fred til kvarandre.

Me står på terskelen til eit nytt år. Eg vil gjerne dela med dokker ei gamal pilegrimshelsing: Fred og alt godt! Pax et bonum! Det er eit ønske for oss alle på veg inn i Anno Domino 2018.

 

Bønn for nyttårsaften (Holger Lissner):

Himmelske Far! Alle tider er i din hånd, og din velsignelse strømmer oss i møte hver eneste dag. Du har fulgt oss gjennom sorger og leder og vist din kjærlige omsorg for oss. Det takker vi deg for. Likevel er vi bekymret for dagen i morgen som vi ikke kjenner. Derfor ber vi deg i Jesu navn: Gå med oss inn i de nye dagene, så vi får overskudd til å gi og glede ved å ta imot. La det kjennes på oss at riket er ditt og makten og æren fra evighet til evighet.

 

 




Del denne artikkel på e-post